Dag 5: Utemøbler

Utemøbler var tema idag. Thomas Sund presenterte eit utval av dei mest populære produkta til den tradisjonsrike produsenten Vestre, kor han sjølv er marknadssjef for Norden.

Vestre har levert utemøblar sidan midten av nittenhundretalet, og i tillegg til godt design og kvalitet, jobber dei aktivt opp imot mange av FNs bærekraftigheitsmål. Dei har gjort store tiltak for å redusere karbonavtrykket, og prøver å få til eit komplett dokumenteringssystem for opphavet av råstoffa for produksjonen.

Thomas snakka vidare om sittekomfort, men ikkje minst om arbedet for å skape varierte moglegheiter for sitting i offentlege rom – med enkle middel. Produkta til Vestre er laga for å vare gjennom fleire tiår, og dei tilbyr re-lakkering, utskifting av trekomponentar og andre slitedelar.

Sidan teikna vi vidare frå der vi enda opp igår, då diskusjonen enda opp i at vi ville gå for ein aktiv, sjølvstendig rørsle eller retning i møte med halvsirkelen, og at vi ønska å at vår konstruksjon skal bevege seg frå asfalten og opp på graset langs denne linja, og slik skape ei frittståande kopling mellom desse to nivåa.

Vi tok i bruk ein ny metode for å kome vidare i prosjekteringsprosessen. I to like store grupper sat vi og teikna vidare frå der vi enda opp i felles diskusjon igår, og varierte mellom felles diskusjon i gruppa, og individuell teikning i stillheit. Etter ei tid lot gruppene teikningane ligge, men byta bord, slik at gruppe ein no teikna vidare på det gruppe to hadde laga. Resultata blei diskutert gjennom i fellesskap. Hovudtendensen i teikningane utforska eit landskap av boks-element som er tenkt å kunne settast saman på ulike måtar. I fellesskap vart vi enig om å gå for å utvikle dette konseptet vidare som hovudelement i prosjektet. Og så måtte vi rømme kulturhuset før lunsj, sidan nokon andre skulle ha lunsjmøtet sitt der idag.

Vi tok med teikningane ut i det fri, tok lunsj, og diskuterte sidan vidare korleis dette landskapet bygd opp av ulike moduler kan tenkast å ta form. Alle fekk til lekse å prøve å finne ein referanse til i morgon, som utgangspunkt til diskusjon om estetiske val og praktisk løysing.

Styret hadde sidan igår kome fram til at det ikkje let seg gjere å bygge på graset, men ein vart samd om at det evt går an å halde fram konstruksjonen med ein overhengande del i den retninga. Vi kom nok ein gong inn på diskusjonen om vi skulle halde fast med ein aktiv måte å forhalde seg til den dominerande halvsirkelen på, eller om vi skulle underordne oss sirkelen i plasseringa av vårt prosjekt.

Vi blei samde om å gå bort i frå ein radiell plassering, og heller stille prosjektet opp i ei meir rigid hovudretning opp mot sirkelen – ei vidareføring av avgjersla frå igår. Vi vart også samde om å fordele prosjektet på minst to ulike plasseringar.

Vi avslutta arbeidet litt tidlegare idag, og reiste til Drøbak for volleyball, bading, stuping, SUP-ing, grilling – det var så varmt i vatnet at vi vurderte å trekke grillpølsene der heller enn på grillen.

Previous
Previous

Dag 6: Arkitektene møter ingeniørene

Next
Next

Dag 4: Overordnet formspråk